



Det einaste eg eigentleg tenkjer på no er at den tittelen hadde vore så mykje betre på engelsk. Og det er ikkje til å unngå at mange blogg-overskrifter er betre på engelsk fordi det blir meir interessant og poetisk. Men eg er jo ei slik mål-kvinne som kjempar for nynorsken, så då får eg berre gå å tenkje på dette dillemmaet ei lita stund til.
Og no skal eg jo vere poetisk og skrive noko skikkelig bra i forhold til overskrifta, men omtrent det einaste eg tenkjer på er at det hadde vore så mykje enklare om overskrifta hadde vore på engelsk og kanskje litt meir poetisk i forhold til det eg tenkjer i hovudet mitt.
Poenget eg vil få fram gjennom overskrifta er at det er ingen som verkeleg - og eg meiner verkeleg - sjå kven du er, eller gjennomskue deg uansett kva dei trur sjølve, eller kva ein blir overbevist om. For det er berre ein som verkeleg kjenner oss, og har den høgaste og beste hensikt med oss! Og når eg skriv dette meinar eg sjølvsagt Gud, som sente sonen sin Jesus til jorda for at våre synder kunne bli forletne. Og eg veit at der er mange menneske i verda som gjer ting som ikkje er bra eller onde, og lyg og lurer, men ikkje noko av dette kjem frå Gud. For han er ein kjærlig Gud som vil tilgi, og ikkje straffe oss med ulykker og sjukdom om vi gjer mot hans vilje. Altså, om du gjer noko dumt så trur eg at det kan leie til mange andre dumme ting som til slutt kan slå tilbake, men ingenting slik er etter Guds vilje. Og no er det sikkert ein heil haug med "teologar" og studentar der ute som får fryktelig lyst til å kommentere alt eg skriv om tru. At det er feil og latterleg, at dei som studentar veit mykje betre og at alle berre hånflirar av meg. Men det eg veit sikkert er at Gud elskar alle, og den ein elskar gjer ein ikkje vondt mot !! Og ingen kan dømme mi tru, for det er noko som gjeld meg og Gud, og menneske skal heller ikkje dømme for det er det einaste Gud som har rett til i saker som gjeld tru! Så eg brukar vel på ein måte enkelte sine argument mot dei sjølve no. Og viss de er så glade i meg og kjennar meg, kvifor skriv de då til meg med ord som faktisk sårar og som er sjølvmotsigande når de kritiserar mi tru og korleis den er og samtidig seier at menneske ikkje kan dømme? Kvifor har de meir rett til å kritisere meg og såre meg berre fordi de er slike flinke studentar som sjølvsagt har rett i alt, når eg berre vil presentere trua mi og vise Gud til folk? De seier at eg er for bastant, men då burde vel ikkje de heller seie at eg absolutt tek feil og at de har rett !!! Og det er i alle fall ikkje rette måten å gjere det på ved å skrive anonyme kommentarar som er sårande, nedverdigande og som bannar, når de skal snakke til meg om tru og slikt som nevnt tidlegare.
Eg veit sanneleg ikkje kva eg kjem til å gjere med eventuelle kommentarar til dette innlegget, men eg kjem kanskje til å slette dei, ikkje godkjenne dei, gråte over dei, oversjå dei eller blogge om dei. Det veit eg ikkje, men ver så snill å ikkje kommenter om mi tru slik som nevnt over igjen. Eg tek til meg det eg les, og tek kritikk om eg må det, men eg vil ikkje dilte og forandre meg etter anonyme og sårande kommentarar på bloggen frå menneske som ikkje kjenner meg eller ikkje vil seie kven dei er.
Andrea Elise